Eg kontaktar dykk på vegner av Vestland fylkeskommune, avdeling for infrastruktur og veg (INV).
Vi har i 2025 fått støtte frå Bufdir til eit føregangsprosjekt som skal kombinere universell utforming og trafikktryggleik på ferjekaier i fylket. Eit sentralt element i prosjektet er medverknad frå brukargrupper og interesseorganisasjonar, og vi er no i gang med å planleggje kartlegging og synfaringar.
Vi søker deltakarar til medverknadsprosess:
Vi ønskjer kontakt med personar med funksjonsvariasjonar som har erfaring med å bruke ferje – og som kan bidra med innspel til vurderingar og løysingsforslag i prosjektet. Dette vil skje gjennom synfaringar i august 2025.
Vi ser spesielt etter personar med:
Synsnedsetting (gjerne med førarhund)
Fysiske funksjonsnedsettingar
Utfordringar med orientering og navigasjon i offentlege rom
Har de aktuelle kandidatar?
Vi er òg opne for andre forslag til korleis vi kan sikre god og representativ medverknad i prosjektet.
Ta gjerne kontakt viss de ønskjer meir informasjon eller har spørsmål om prosjektet.
Med vennleg helsing
Hedda Bakåsmoen Holm
Rådgjevar
Trafikktryggleik og berekraft
Avdeling for infrastruktur og veg
Vestland fylkeskommune
📞 57 63 82 51
🌐 www.vestlandfylke.no