Turbo

Publisert av Lis Merete Berge den 09.12.24.

 

Tilbod til unge vaksne med multippel sklerose (MS)

  • Er du mellom 18-35(50) år?
  • Har du blitt diagnostisert med MS i løpet av det siste året?
  • Føler du deg usikker på korleis du kan gå fram med trening med diagnosen MS?
  • Vil du læra meir om trening, og prøve ut ulike former av trening tilpassa deg i trygge omgivnader?

 

Tilbodet består av trening i gruppe 1,5 time 1-3 gangar i veka, over tre veke. Treninga vert leia av ein fysioterapeut. Alle påmeldte får ei individuell undersøking av fysioterapeut i forkant av treningsperioden, slik at den einskilte deltakar sine behov vert ivareteke under treninga. 

Målet med treningspeioden er at du skal få teste ut ulike former for trening, og kjenne korleis det fungerer for deg. I tillegg vil du få med deg tips og vegleiing på ulike øvingar og trening som kan vere nyttige for deg å ha med deg vidare i kvardagen. Avspenning og det å lytte til kroppslege signal vil òg vere i fokus.

I henhold til regelverket er tilbodet gratis etter at ein har nådd frikort frå HELFO, som i 2024 er kr. 3165,-  Det vert ein eigenandel å betale inntil ein har nådd frikort.

Det vert tid til spørsmål og erfaringsutveksling i løpet av treningsøktene.

 

Neste treningperiode blir frå 24. januar – 11. februar 2025.

Tysdag og fredag

Tidspunkt: kl 08.30-10.00 

Stad: Turbo, Solheimsgaten 9, 5058 Bergen

 

Er du interessert i å vera med? Eller har du spørsmål angåande treningsveka? 

Ta kontakt med:

Spesialfysioterapeut Renathe Sperrevik, tlf: 55 32 05 10 eller 

e-post: renathe@bfsnett.no